Tobakksprevensjon i Noreg – med lov (og avgift) skal røykfridom byggast

Kristian Hagestad

Sammanfattning


hovudsak har samfunnet fire sett av verkemiddel til rådvelde i kampen mot tobakksepidemien: Lovregulering, prispolitikk, informasjon og hjelp til røykeslutt. Frå midten av 1970-talet har Noreg satsa på stadig strengare lovregulering og på oppretthalding av høge avgifter på tobakksprodukt. Strategi for informasjon og røykesluttt har inntil nyleg vore meir tilfeldig. Resultat av forebyggande tiltak mot tobakk viser seg ikkje frå ein dag til den neste, som oftast heller ikkje frå år til år. Men samanliknar ein status i dag med situasjonen for 50 og 30 år sia, er utviklinga enorm. Røyking har gått frå å vere akseptert og statusprega oppførsel på nesten alle arenaer til å bli ei marginalisert atferd, reservert for utandørsopphald og heilprivate innemiljø. Andelen daglegrøykarar blant menn avtok sterkt frå slutten av 1950-talet, men nedgangen flata ut frå 1980. Blant kvinner låg prosenttalet temmeleg konstant gjennom dei siste 30 åra før sekelskiftet. Nå er trenden fallande for begge kjønn.

Fulltext:

PDF


© Socialmedicinsk tidskrift. All rights reserved!